
No er Torstein vorte nasjonalromantisk igjen, så då høver det seg ikkje med riksmål. Lenge har han nemlig ynskt å stå opp tidleg for å bestiga eit lokalt berg og sjå på den flotte soloppgangen. Og i går kveld, etter å ha sjekka yr.no, fann han ut at onsdag 7. januar 2009 var den store dagen! "Sorry Mohamad Osman. Men eg lover å komme i neste kjemitime!"
Hermeteikn eig. Viss ikkje hadde Torstein aldri klart å ro seg i land frå å ha dritet på leggen med den altfor kjente "switching-mellom-3.person-og-1.person-feilen."
Tirsdag 6. januar var det ein forventingsfull og trøtt gut som la seg. Hjernen hans hadde openbart allereie sovna, men det merka han fyrst dagen derpå, då ringjeklokka ringte ein time før den skulle. Truleg vert det mumla nokre sterke gloser, og truleg vert ringjeklokka aldri stilt inn på nytt. Det som iallfall er sikkert, er at Torstein sovna og ikkje sto opp før 08:50. I følgje yr.no skulle sola stå opp 09:25 på Steinfjellet, som var målet Torstein hadde peikt ut. I all hast vert kaffien kverna og trakta, nista laga, sekken pakka og alt det der. Han var ute av huset 09:10, og hadde altfor dårleg tid til å rekkje soloppgangen. Typisk.
Torstein merka altfor godt at det nettopp hadde vore jul i det han prøvte å jogga til fjells. Han merka óg at han var vond i låra etter å ha spilt fotball dagen før. Det kan unekteleg ha vore eit merkelig syn å sjå Torstein kava oppover med liten sekk på ryggen, tusen ting i lommene og jakke, hue og skjerf i hendene. Difor traff han sjølvsagt på kjentfolk frå Sviland, som i tillegg lo av han då han sa at han prøvte å rekkje soloppgangen. Men, han kom seg opp til eit fjell, Skogaberget, i det klokka slo nøyaktig 09:25. Diverre var det forgjeves. Sola sto jo ikkje opp før 09:50! Og då var Torstein kald. Men det var likevel magisk då sola fyrst sto opp!